Respekt i alle ledd
Trygg arena for barn og unge
Klare forventningar til trenarar og foreldre

Fair Play handlar om korleis vi oppfører oss i trening, kamp og rundt laget. I Fiksdal/Rekdal ballklubb skal alle oppleve fotballen som trygg, inkluderande og respektfull.

Dette forventar vi av spelarane

  • Ta vare på medspelarar og inkludere alle på laget
  • Spele reint og vise respekt for motstandar og dommar
  • Bidra til tryggleik, godt humør og god lagånd
  • Helse før kamp og takke for kampen etterpå
  • Unngå kjeftbruk, filming og negativ oppførsel

Trener og lagleder – ansvar

Trenarar og lagleiarar skal gjere forventningane tydelege og følgje dei opp i praksis.

  • Forklare spelarane rolla til dommaren og kvifor avgjerdene må respekterast
  • Reagere tidleg på dårleg språk eller ufin oppførsel
  • Sørgje for at Fair Play er ein naturleg del av både trening og kamp
  • Vere gode rollemodellar i møte med spelarar, foreldre og motstandarar

Foreldre og støtteapparat

Foreldre og støtteapparat er viktige for miljøet rundt laga.

  • Støtt alle spelarane, ikkje berre dine eigne
  • Vis respekt for trenarar, dommarar og motstandarar
  • Legg vekt på meistring, innsats og trivsel framfor resultat
  • Bidra til eit trygt miljø med låg terskel og positiv tone

Konkrete tiltak

  • Vi har årleg Fair Play-dag i klubben
  • Laga snakkar om forventningar før sesong og undervegs
  • Spelarane helsar før kamp og takkar for kampen etterpå

Verdier

Tryggleik: Vi toler ikkje mobbing, vald, rasisme, diskriminering eller trakassering. Glede: Fotballen skal vere ein stad for meistring, energi og trivsel. Respekt: Alle blir møtt med same respekt, uansett rolle. Likeverd: Alle skal oppleve eit trygt og inkluderande tilbod i klubben.