Fotballdag med sol, kake og Fair Play
9. juni samla vi kring 40 born og vaksne til fotballdag på kunstgrasbanen, med kamp, Fair Play-prat og gratis frukt.
Måndag 9. juni inviterte Fiksdal / Rekdal ballklubb til open fotballdag på kunstgrasbanen i Fiksdal for born frå Fiksdal og Tomrefjord.
Rundt 40 born og vaksne møtte opp. På programmet stod aktivitetar på bana, Fair Play-prat og signering av Fair Play-lagskontrakt.
For mange vart kampen mellom born og vaksne dagens høgdepunkt.
Det var også servering av frukt, saft og kaffi, og alle borna fekk med seg eit pannebånd med FRBK-logo.
Fotballdagen var ein del av klubben sitt rekrutteringsarbeid og Fair Play-satsing. FRBK takkar alle som møtte opp og dei frivillige
som gjorde arrangementet mogleg.