Kjetil Rekdal og Aalesund tilbake i Eliteserien
Barndomsklubbens store son har ført Aalesund tilbake til Eliteserien – vi heiar frå Rekdal!
Det er med stor stoltheit vi følgjer med på Kjetil Rekdal, som starta si eventyrlige fotballkarriere her i Fiksdal/Rekdal BK. I desember sikra han og Aalesund FK opprykk til Eliteserien 2026 etter å ha slått Bryne 4–1 sammanlagt i kvalifiseringsfinalen.
Dette er Kjetils tredje opprykk som trenar, etter Vålerenga i 2001 og HamKam i 2021. Hausten var ekstra tøff for Kjetil, som har vore gjennom ei kreftbehandling – men med god støtte frå laget og supporterane kom han tilbake på trenerbenken til dei avgjerande kampane.
Eliteserien startar 15. mars, og Aalesund får ein spennande sesong i det øvste selskapet. Heile Fiksdal og Rekdal heiar på Kjetil og laget hans – lykke til!
Kjetil står oppført med 83 landskampar for Noreg, og han spelte 42 kampar for nettopp Fiksdal/Rekdal BK. Ein ekte lokal helt.