Playmakers-gjengen veks: frå 9 til 18 jenter
Playmakers har fått ein god start i Fiksdal og Tomrefjord. Frå første til andre økt dobla talet på deltakarar seg.
31. august hadde vi den første Playmakers-økta på kunstgrasbanen i Fiksdal. Guro Sæther og Johnny Bach frå NFF Nordmøre og Romsdal
var med på oppstarten, og ni jenter møtte til leik og ballaktivitetar.
Allereie på neste økt var talet dobla til 18. Det er vi svært glade for.
Playmakers er NFF sitt tilbod for jenter i alderen 6 til 8 år, der aktivitetane er bygde på leik og enkel fotball. Opplegget er
inspirert av Disney-filmen Innsida ut. Treningane vert haldne om lag ein gong i månaden, vekselvis i Fiksdal og hos Tomrefjord IL.
Trenarar er Ellen Kristin Bergheim Rørvik, Hanna-Lina Saari Skjegstad og Maria Valseth.
Kjenner du nokon som kan ha lyst til å vere med, må du gjerne ta kontakt.